Regionalplan sjøareal havbruk

Under utvikling

Regionalplan for sjøareal havbruk er ei av dei prioriterte planoppgåvene i regional planstrategi 2013–2016. Planprogrammet vart vedtatt våren 2015.

Hovudintensjonen med Regionalplan sjøareal havbruk i Rogaland er å leggje til rette for ei næringsutvikling innan havbruksnæringa som medverkar til å auka produksjonen av sjømat på ein berekraftig måte. Hovudsøkjelyset er på  næringsareal i sjøen. Verktøya er retningsliner til kommuneplanlegginga og eit handlingsprogram med kunnskapsspreiing og kunnskapsproduksjon.

Planområdet er sjøarealet i Rogaland. Planområdet strekkjer seg til ei nautisk mil utanføre grunnlina. Dette er verkeområdet til plan- og bygningslova og kommuneplanlegginga. Kommunane har hovudansvaret for samfunns- og næringsutviklinga. Kommunane er arealstyresmaktene. Kommunane Bjerkreim, Time og Lund har ikkje sjøareal.

Fylkestinget har godkjend Regionalplan sjøareal havbruk

Planen er ein strategisk næringsutviklingsplan kor føremålet er å leggja til rette for å auka produksjonen av sjømat frå havbruket på ein berekraftig måte. Havbruk er ei strategisk næring i Rogaland for å imøtekoma trongen for omstilling frå oljeøkonomi til grøn økonomi.

Planen har søkjelyset på næringsareal til havbruksnæringa. Planen har søkjelyset på planlegging i medhald av plan- og bygningslova og planstyring som hovudverktøyet for å løyse interessekonfliktane og avklare gode næringsareal til havbruksnæringa. Verktøya i planen er ein samla kunnskapsbase om brukarinteresser og arealbruk, samla i temakartportalen til planen, retningsliner til arealplanlegginga i sjøen og handlingsprogrammet med søkjelys på marine grunnkart og oppfølging av kommunane.  

Vedtak i Fylkestinget

Saksutgreiinga til fylkestinget

Retningslinene til arealplanlegging

Handlingsprogrammet

Rogaland blir eitt av tre nasjonale pilotområde i MAGIN

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt Kartverket, Sjødivisjonen oppdraget med å få på plass eit nasjonalt prosjekt kalla MAGIN, Marine grunnkart i Norge. Rogaland blir eitt av tre pilotområde i prosjektet. Hovudmålet er gode marine grunnkart for heile kysten i kystområda, geografisk avgrensa til ei nautisk mil utanføre grunnlina. Rogaland er plukka ut som eit pilotområde grunna mangfaldet av arealbruksinteresser, kampen om sjøareala og regionalpolitisk forankring i handlingsprogrammet til regionalplan sjøareal havbruk. Gode marine grunnkart er ein føresetnad for å få til ei kunnskapsbasert planlegging og ei berekraftig verdiskaping.  

Vannkikkere

Marine grunnkart, Frå svart til opplyst hav. Skildra med måleriet av Erik Werenskjold; Vannkikkere, Nasjonalmuseet.

Marine grunnkart i Norge. Presentasjon av Njål Tengs Abrahamsen, Direktør marin infrastruktur, Kartverket for styringsgruppa 20 april 2017   

Planforslaget får ris og ros i høyringa

Det er kome inn 33 høyringsfråsegner frå kommunar, statlege sektorstyresmakter, kulturminneforvaltinga, havbruksnæringa, fiskerinæringa, IRIS og naturvern- og friluftsorganisasjonar.

Høyringsfråsegnene med faglege kommentarar og forslag til endringar er delt i fire tema og samla i notata

Mange kjem med positive og konstruktive tilbakemeldingar. Det som vert trekt fram er planprosessen, havbruksnæringa på dagsorden i næringspolitikken, vektlegginga av ei kunnskapsbasert- og dialogbasert planlegging i verdiskapinga og handlingsprogrammet med søkjelyset på meir kunnskap om naturressursane og naturgitte eigenskapar til sjøbotn og sjøareala og oppfølging av kommunane. Naturvern- og friluftslivsorganisasjonane er særs kritisk til oppdrettsnæringa slik dei driv i dag og meiner næringa ikkje blir miljømessig berekraftig før all produksjon skjer i lukka anlegg.

Fiskeridirektoratet region Sør har ei vesentleg innvending til planforslaget. Det er noko statlege sektorstyresmakter kan koma med når dei meiner nasjonale interesser ikkje blir godt nok ivaretatt. Fiskeridirektoratet region Sør kan melde inn planen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ikkje innvendinga blir imøtekome når fylkestinget godkjenner planen.

Høyringsfråsegnene:

Hjelmeland kommune

Ryfylkerådet

Tysvær kommune

Sandnes kommune

Gjesdal kommune

Karmøy kommune

Randaberg kommune

Sjøfartsdirektoratet

Forsvarsbygg

Suldal kommune

Stavanger Maritime Museum

Strand kommune

Alsaker Fjordbruk AS

Finnøy kommune

Mattilsynet

Stavangerregionen Havn IKS

Bremnes Seashore AS

Fiskeridirektoratet

Friluftsrådet Vest

Greater Stavanger

Kystverket

Norges Kystfiskarlag

Næringsforeningen i Stavangerregionen

Rennesøy kommune

Universitetet i Stavanger IRIS

Vindafjord kommune

Grieg Seafood

SjømatNorge

Fylkesmannen i Rogaland

Naturvernforbundet i Rogaland

Norges Jeger- og Fiskerforbund Rogaland

Norske Lakseelver

Fiskarlaget Vest

Ei dør til kunnskapsgrunnlaget

Regionalplan sjøareal havbruk samlar kunnskapsgrunnlag til arealplanlegginga i sjøen i www.temakart-rogaland/rps. Har de spørsmål til temakartportalen, ta kontakt med Sigrid Malene Peterson, epost sigrid.malene.peterson@rogfk.no

God stemning på høyringsmøte

Mest 40 fagpersonar frå kommunane, sektorstyresmaktene og næringa møtte på høyringsmøte om planforslaget på Finnesand på Mosterøya 10 november 2016. Kommunane er godt i gong med planstrategiarbeidet og fleire har sjøarela og næringsutvikling på dagsorden i revisjonen av kommuneplanane.

Her finn de programmet.

Her finn de presentasjonane: 

Øivind Strand, Havforskningsinstituttet. Det store bildet og auka produksjon av sjømat frå havbruksnæringa?

Sissel Bakke, Rogaland FK. Presentasjon av planforslaget

Arne Berge, Rogaland FK. Havbruksfondet

Turid Susort Jansen, Rogaland FK. Inndeling av kysten i produksjonsområde

Heidi Skifjell Ryfylke næringshage. Presentasjon av Rogaland Havbrukspark AS

Nils Petter Sand, Rogaland FK. Kva gjer skulen for å styrke rekrutteringa til næringa?

Geir Magne Knutsen, Bremnes Seashore AS. Kva gjer næringa for å løysa miljøutfordringa med lakselus?

Njål Tengs Abrahamsen, Sjødivisjonen i Kartverket. Status i kartlegginga av sjøbotn og vidare arbeid med marin grunnkartlegging i Rogaland

Samanhengen akvakulturforvalting og planlegging 

Nettverket Fylkeskommunane sitt akvakultursamarbeid korta til FAKS gjennomførte sin årlege samling for alle som jobbar med akvakultur i fylkeskommunane på Sola den 19. og 20. oktober. Rogaland, Hordaland og Sogn- og Fjordane fylkeskommunar hadde ansvaret for gjennomføringa og programmet. Fylkesordføraren ønska vel møtt til ei flott to dagars fagsamling med søkjelys på planlegging og verdiskaping.

Her finn de programmet.

Her finn de presentasjonane:

Hanne Østerdal, styreleiar i FAKS. Bedre samarbeid og forenkling i havbruksforvaltninga

Tonje Osmundsen, NTNU. FHF- prosjektet Effekter av rettslig rammeverk i havbruksnæringen: Regelverksforenkling  

Anne Osland, Fiskeridirektoratet. Utfordringer med dagens forvaltning

Kristin Nordli, KMD. Ny veileder for planlegging i kystnære sjøområde

Jon Beldo, KMD. Forholdet mellom plan- og bygningsloven og sektorlover av betydning i kystnære sjøområder med særlig vekt på problemstillingen tang og tare. Løyver til særlege føremål

Sissel Bakke, Rogaland FK. Regionalplan sjøareal havbruk

Njål Tengs Abrahamsen. Kartverket, sjødivisjonen. Kartlegging av sjøbunn

Nils Petter Sand, Rogaland FK. Videregående opplæring i Rogaland

Trond Wahl, Hordaland FK. Rekrutteringsprosjekt

Atle Blomgren. Kompetansebehov 2016 – 2020. Leverandører til sjømatnæringa og biomarin industri på Vestlandet. Rapport og foredrag

Mari Sørensen Aksnes. Utviklingskonsesjoner. Om ordninga, status tildeling, om arbeidet med søknadene, lokalitetsklarering og føringer i tilsagnet

Inge Døskeland, Hordaland FK. VestMarin. Fylkeskommunale samarbeidsarenaer

Solveig Skjei-Knudsen. Status FAKS samarbeidet

Fylkesutvalet seier ja til å høyra planforslaget

Fylkesutvalet handsama planforslaget i møtet 20 september 2016. Dei godkjende at planforslaget kan sendast på høyring.  

Høyringsbrevet

Saksutgreiinga

Forslag til regionalplan sjøareal havbruk

Fylkesordføraren om den blåe åkeren på Tungenesmøtet

Tungenesmøtet 7. september var for alle som er interessert i næringsliv og næringsutvikling i og rundt Randaberg.  

Her kan du sjå fylkesordføraren sitt innlegg om fylkeskommunen sin strategi for havbruksnæringa

Grønt lys for blå framtid. 

Fiskeridirektoratet har arrangert planforum for sine eigne som arbeider med marin arealforvalting i over 10 år. I år var fylkeskommunane invitert med på båten mellom Bergen og Hirtshals 5. til 7. september 2016.

Her finn de programmet.

Her finn de ein del av presentasjonane:    

Liv Holmefjord, Fiskeridirektoratet. Fiskeridirektoratet i endring

Vegard Haukeland, Nærings- og fiskeridepartementet. Regjeringens arbeid for bedre arealplanlegging i kystnære områder

Arbeidet med geografiske informasjonssystemer (GIS) i Fiskeridirektoratet

Jens Christian Holm, Fiskeridirektoratet. Grønt lys for blå framtid. Hvordan handlingsregler i produksjonsområder skal gi balansert vekst

Kristin Nordli, KMD. Presentasjon av veileder om planlegging etter PBL i sjø

Endre Korsøren, Hordaland FK. Akvakultur i flerbruksområder

Stein Arne Rånes, Troms FK. Kystsoneplan Troms

Paul Gustav Nyland, Kystverket. Ny veileder for Kystverket om planmedvirkning og arealregulering

Dagfinn Lilleng, Fiskeridirektoratet. Kystnære fiskeridata

Dagfinn Lilleng, Fiskeridirektoratet. Saksbehandling knyttet til kabler m.m. i fjorder og indre kystfarvann

Jan Henrik Sandberg, Norges Fiskarlag. Fiskarlagets syn på forvaltning av kystsonen 

Styringsgruppa får seia sitt om planforslaget

Rett etter sommarferien, 24. august 2016, møttest ordførarane i styringsgruppa for å kome med innspel og kommentarar til eit forslag til regionalplan sjøareal havbruk. Planforslaget vart justert etter møtet i styringsgruppa.  

Gjennomgang av forslag til regionalplan sjøareal havbruk. 

Politikarane fekk og høyra om kartlegging av sjøbotn som eit aktuelt tiltak for å styrke kunnskapsgrunnlaget til arealplanlegginga i sjøen. Njål Tengs Abrahamsen, direktør marin infrastruktur, Statens Kartverk – Sjødivisjonen. 

Lakselusa er på nett

22. juni 2016 kjem BarentsWatch, med ei pressemelding om at no er lakselusa på kartet. Det gir ein oversikt over situasjonen på alle oppdrettsanlegg. 

Tjenesten Fiskehelse er en kartløsning som på en oversiktlig og enkel måte gir kunnskap om sykdommer og lakselus på fisk i norske oppdrettsanlegg. Opplysninger om forekomst, antall og utviklingsstadium av lakselus på fisk i akvakulturanlegg rapporteres ukentlig til Mattilsynet. Sammen med mottiltak blir disse opplysningene nå offentliggjort gjennom en ny tjeneste på nett. Fiskehelse gir utfyllende informasjon om nevnte forhold for enkeltlokaliteter. I tillegg er det søke- og filtreringsfunksjoner som gjør det mulig å hente noe av informasjonen samlet for virksomheter, kommuner, fylker og landet. I tråd med regjeringens ønske om digitalisering og tilgjengeliggjøring av opplysninger som det offentlige besitter, har BarentsWatch her delt data fra Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Fiskeridirektoratet.              

Prosessen viktigare enn planproduktet 

20.mai var det møte i referansegruppa. Kommuneplanleggjarane, sektorstyresmaktene i sjøen og representantar for arealinteressene i sjøen var invitert til eit temamøte for å gi innspel og kommentarar til eit forslag til regionalplan sjøareal havbruk.

Verdikjeda i havbruket på eit døgn.

21. april og 22. april 2016 var ordførarane på studietur i Boknafjorden for å lære om havbruksnæringa.  Programmet for studieturen.

Dei besøkte Grieg Seafood Rogaland sitt settefiskanlegg med moderne resirkulering av ferskvatn på Trosnavåg i Bokn kommune. Dei besøkte Ryfylke Rensefisk sin produksjon av rognkjeks i Finnøy kommune. Ettermiddagen og kvelden fekk politikarane høyra Erik Danielsen, rektor på Strand vidaregåande skule, fortelja om satsinga for å styrke rekrutteringa til sjømatnæringa.  

Nils Viga frå TytlandsvikAqua fortalde om større smolt på land.

Politikarane fekk høyra om distriktsutvikling og havbruk frå Jarle Ravndal, EWOS Innovation, Cargill Nutrition.

Dagen etter vitja politikarane lakseslakteriet på Hjelmeland og eit lakseoppdrettsanlegg i Boknafjorden.

Trur fisk kan skapa nye jobbar i oljefylket

Styringsgruppa møttest 5. februar 2016. Her var tema status i planarbeidet og framtida. Det var gode drøftingar om kva kommunane kan gjera for havbruksnæringa. Kommunane bør bruka plansystemet og setja havbruksnæringa og produksjon av sjømat på dagsorden allereie i dei kommunale planstrategiane. Kommunane er meir positive nå når Stortinget har vedteke å oppretta eit havbruksfond som gir kommunane økonomisk utbytte av å leggja til rette for næringa. Sjå saka om havbruksfondet.

Styringsgruppa er opptatt av at planlegginga og tilrettelegginga skal vera kunnskapsbasert. Sjå filmen om havbruksnæringa og næringssalter.

 

Marin overvåking from Rogalandfylke on Vimeo.

Etter møtet var det besøk hos og presentasjon av Skretting AS og deira rolle for sjømatnæringa i Rogaland. Sjå Skretting sin presentasjon Matproduksjon til havs og Rogaland sine moglegheiter.

Fiskeridirektoratet inviterer fylkeskommunen til planforum om GIS og arealplanlegging

Fiskeridirektoratet arrangerer ei årleg samling kalla planforum. Dette er ein møteplass for alle i Fiskeridirektoratet som arbeider med marin arealforvaltning. I år blir fylkeskommunen for fyrste gong invitert med.  Hovudtema på samlinga på Fjordline sine skip mellom Bergen og Hirtshals 5-7. september er arbeidet med geografiske informasjonssystem (GIS) og ny versjon av kartløysinga til Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet endrar seg i takt med endringane i havbruksnæringa

Fiskeridirektoratet endrar organisasjonen frå 1. mars 2016. Kyst- og havbruksavdelinga går frå tre til fire seksjonar: tildelingsseksjonen, tilsynsseksjonen og arealseksjonen.  Arealseksjonen er ein viktig samarbeidspart i arbeidet med regionalplan for sjøareal havbruk. Her kan du lese meir om endringane.

Havbruksnæringa vil spela på lag med kommunane

27. januar 2016 var næringa samla på Utstein kloster hotell for å prata om utfordringer og behov når det gjeld sjøareal og kunnskap om sjøarealet. Næringa treng meir sjøareal. Nofima har spurt næringa om kva som må til for å realisera vekst og vidareutvikling. 66 prosent seier dei treng fleire lokalitetar. 54 prosent seier dei treng betre lokalitetar. For å få lokalitetar må kommunane legga til rette med areal i kommuneplanlegginga.

Programmet

Presentasjonane finn de her:

Næringa sine behov og løysingar

Marine grunnkart

Havforskingsinstituttets forslag til produksjonsområder i laksenæringen

Havbruksnæringa på politisk dagsorden i Rogaland

4. november 2015 kom statssekretær Amund Drønen Ringdal i Nærings- og fiskeridepartementet og fortalde regional- og lokalpolitikarar i Rogaland om store moglegheiter innan havbruksnæringa. Føresetnaden for vidare vekst i næringa er å takle lakselusa.

Programmet

Presentasjonane finn de her:

Havbruksnæringa og miljø. Risikovurdering i Rogaland.

Havbruksnæringa i Rogaland – berekraft og verdiskaping hand i hand?

Havbruksnæringa og ringverknader

Kva får kommunane att for å satse på havbruksnæringa?

Mange arealinteresser i sjøen

28. september 2015 samlast kommuneplanleggjarar, sektorstyresmaktene og representantar for brukarorganisasjonar innan arealbruk. Hovudtema var korleis leggje til rette for auka produksjon av sjømat og næringsutvikling innan havbruket. Då er kunnskap om alle interessene viktig.

Programmet  

Presentasjonane finn de her:

Kva, kvifor og korleis regionalplan for sjøareal havbruk

Havbruksnæringa i Rogaland – status, utfordringar og behov

Kommunane fortel om arealplanlegging i sjø og tilrettelegging for havbruk:

Vindafjord kommune sin presentasjon

Tysvær kommune sin presentasjon

Finnøy kommune hadde ein munnleg presentasjon kor hovudbodskapen var å setja tema på den lokalpolitiske dagsorden og få i gong politiske diskusjonar.  

Kva er samanhengen mellom kommuneplanen og akvakulturforvaltinga?

AquaAccept-prosjektet. Forsking for å utvikle samfunnsindikatorar og styringsverkty for eit berekraftig havbruk.

Kva kunnskap og korleis bruka kunnskap i planarbeidet?

Tilbakemeldingar og råd til planarbeidet: Gruppeoppgåver

Planen for framdrift og medverknad vart godkjend

Styringsgruppa godkjende framdriftsplanen for planarbeidet og medverknad i møtet 26. juni 2015. Godkjend planprosess

Fylkestinget godkjenner planprogrammet

Planprogrammet blei godkjend av møtet i fylkestinget 21. april 2015. Den politiske styringsgruppa vart utvida med ordførarane frå alle kommunane med sjøareal i Rogaland. Det er 26 kommunar i Rogaland, og heile 23 av desse har sjøareal. Saksutgreiing og vedtak.

Lærdom frå anna planarbeid i sjøen

På møtet i styringsgruppa 22. januar 2015 kom prosjektleiar for Kystplan Helgeland Mona Gilstad og fortalde om korleis dei gjer det. Presentasjon av arbeidet med Kystplan Helgeland.

Høyring av planprogrammet

Fylkesutvalet vedtok i møtet 14. oktober 2014 å sende planprogrammet for Regionalplan for sjøareal havbruk på høyring. Høyringsfristen var 20. desember 2014. Saksutgreiing og vedtak.

Kunnskapssamling med god fiskesuppe attåt

28. august 2014 samlast fagfolk frå Kystverket, Fylkesmannen, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og Sjøkartverket på Judaberg i Finnøy kommune. Spørsmåla som vart presentert og drøfta var; Kva har me av kunnskap, kven har kva kunnskap av kva kvalitet og kor godt oppdaterte er kunnskapane. Programmet.   

Vedtak i fylkesutvalet om å starte arbeidet

Fylkesutvalet vedtok start og organisering av planarbeidet i møtet 28. januar 2014, sak 6/14. Saksutgreiing og vedtak.

Mange på seminar om planlegging i sjøen

Fylkesordføraren ynskte velkommen til eit to dagars seminar 20. og 21. november 2013 kor tema var bruk og styring av sjøareala, mål, samanhengar og kven passar på kva i sjø, sjøareala – arealbruksinteresser og arealbehov, akvakulturforvaltinga etter forvaltingsreforma og arealplanlegging i sjø.

Programmet og presentasjonane frå seminaret finn de her.

Kontaktperson
Del denne artikkelen på: