Regionalplan for landbruk i Rogaland

Vedtatt

Fylkestinget vedtok regionalplan for landbruk 7. juni 2011. Regionalplanen viser kor viktig landbruket er for verdiskapinga og samfunnsutviklinga i fylket. Regionalplanen viser at matjordvernet er avgjerande om Rogaland skal oppretthalda posisjonen som eit stort og sterkt jordbruksfylke med matproduksjon og næringsmiddelproduksjon. 

Fylkeskommunen er blitt landbrukspolitisk aktør etter forvaltingsreforma i 2010. Fylkeskommunen har ansvaret for å lage og gjennomføra ein regional landbrukspolitikk. Den regionale landbrukspolitikken er forankra i regionalplan for landbruk i Rogaland (sjå dokumentet på høgre side).

Visjonen er eit livskraftig landbruk i heile Rogaland. Landbruket på Jæren skal vera førande for landbruket i Rogaland og på nasjonalt nivå. Landbruket i distrikta spelar ei stor rolle for målet om levande bygder og distriktsutvikling. Landbruket i distrikta og landbruket på Jæren er gjensidig avhengig av kvarandre.

Regionalplanen har 8 satsingsområde. Fylkestinget har vedtatt at matproduksjon, rekruttering og kompetanse og klima, miljø og energi skal vera prioriterte satsingsområde i fyrste omgang. 

Desse satsingsområda er konkrete i handlingsprogram næring (sjå dokumentet på høgre side). Handlingsprogrammet fortel kva prosjekt det er mogleg å søkja om økonomisk støtte til.  Dette er eit forpliktande partnarskap mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga og Innovasjon Norge, avdeling Rogaland. 

Vedlegg
Kontaktperson
Del denne artikkelen på: