Regional plan for landbruk

Vedtatt

Vedteke i 2011. 

Om planen

Regionalplanen er regional næringspolitikk for å auka matproduksjonen og for å styrka landbruket i alle regionane i Rogaland. Regionalplanen er ein strategisk næringsutviklingsplan for jordbruket i Rogaland. Jordbrukskommunane blir oppmoda til å setja jordbruket og matproduksjon på dagsorden i den strategiske samfunns- og næringsplanlegginga. Regionalplanen er og eit viktig regionalpolitisk verktøy ovafor nasjonale styresmakter i jordbruksoppgjera.   

Mål om å auka matproduksjonen

Fylkestinget vedtok regionalplanen våren 2011. Visjonen er eit livskraftig landbruk i heile Rogaland. Hovudmålet er å auka matproduksjonen. Det gjer at distriktslandbruket og jordbruket på Nord Jæren er gjensidig avhengig av kvarandre. Hovudføresetnaden for å realisera målet om å auka matproduksjonen er eit strengt vern av matjorda. 

Åtte satsingsområde

Regionalplanen gir ein god innsikt i og kunnskap om landbruket og alle områda som er viktige for eit livskraftig landbruk i heile fylket. Planen har heile åtte satsingsområde med over 50 mål. Difor har fylkestinget prioritert kva som skal vera satsingsområde i gjennomføringa av planen. Det er mat, rekruttering og kompetanse, energi og klima.

Desse satsingsområda blir følgd opp i Handlingsprogram næring. Det er eit regionalt partnarskap mellom fylkeskommunen, Fylkesmannen i Rogaland, landbruksavdelinga og Innovasjon Norge, Rogaland.  

Her finn de meir om landbruk og mat I Rogaland:  https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Landbruk-og-mat/

Dokumenter

Regionalplan for landbruk i Rogaland (2011) (PDF, 9,01 MB)

Vedlegg

Handlingsprogram næring 2017 (PDF, 250,31 kB)
Bønder kan glede seg over vekst i fylket

Rogaland er utvilsomt det største fylket innen matproduksjon i Norge, bade når det gjelder bruttoprodukt og sysselsetting i jordbruket. Men hvilke verdier skapes det? 

Les mer >
Kontaktperson
Del denne artikkelen på: