Regional plan for museum 2011-2014

Vedtatt

Vedtatt i 2011.

Om planen

Planen har som mål å klargjera fylkeskommunen si rolle i utviklinga og konsolideringa av museumssektoren i fylket. I planen vert det lagd vekt på å fremja strategiar som kan styrka fagleg utvikling hos musea og styrke deira rolle som samfunnsinstitusjonar.

Mål 

Rogaland fylkeskommune vil i planperioden bidra til å styrka den faglege dimensjonen og utvikla musea til fagleg sterke og vitale institusjonar som spelar ei stor rolle i samfunnet og vert anerkjente for det.

Det er eit mål å bidra til at musea i Rogaland har ei drift bygd på godt forvalta materiell og immateriell natur- og kulturarv der forskningsbasert kunnskap er fundamentet.

Musea skal ha ei sterk lokal og regional forankring, og bidra til utvikling av samfunnet gjennom forsking, utstillingar, publisering, pedagogiske tiltak og andre samfunnsorienterte kulturtiltak av høg kvalitet.

Eit sentralt mål for Rogaland fylkeskommune er å spela ei viktig samordnande rolle for musea i fylket, og bidra til samarbeid og samhandling mellom museer, andre tilskotspartar og mellom museer og andre kulturinstitusjonar .

Regionale og nasjonale føringar for museumssektoren

  • Skildring av museumslandskapet i lys av eksisterande plan- og utviklingsmål
  • Kartlegging av status og utfordringar i høve til regionmusea
  • Områder med moglegheit for samarbeid/samordning innanfor abm-sektoren
  • Avklaring av fylkeskommen sitt ansvar, rolle og prioriteringar
  • Mål og handlingsplan for planperioden

Dokumenter

Regionalplan for museum 2011-2014 (PDF, 10,59 MB)
Del denne artikkelen på: