Vestlandsk vidsyn 2014

Dette er ein årleg møtestad for alle som brenn for lokal samfunnsutvikling og distriktsutvikling. Linda Eide som kjem til konferansen i år seier: «Ekte begeistring må komma inannteifrå, den kan ikkje vedtakast».

Vestlandsk Vidsyn 2014 arrangerast 17. og 18. september på Sola Strand hotell, Stavanger. 

Årets tema

I år er hovudtema for Vestlandsk Vidsyn samfunnsutvikling og verdiskaping og framtida med levande bygder og lokalsamfunn. Me spør kva som må til for å styrke den breie verdiskapinga? Korleis styrka samspelet mellom næringsutvikling og samfunnsutvikling?

Me spør Kommunal- og moderniseringsministeren Jan Tore Sanner, om korleis kommunereforma kan gjera kommunane til endå betre samfunnsutviklarar?

Andre tema på konferansen er samfunnsentreprenørskap, samspelet byane og bygdene og mat og verdiskaping. Kva rolle spelar samfunnsentreprenørskap for levande lokalsamfunn? Korleis heia fram grunderar? Kva betyr samspelet mellom bygdene og byane for levande bygder og verdiskaping i distrikta? Kva er maten si rolle for levande lokalsamfunn?

 

Målgrupper – alle med interesse for levande bygder – og lokalsamfunn 

  • politikarar på kommune- og fylkesnivå
  • friviljuge i bygde- og grendelag
  • lag og organisasjonar
  • samfunnsplanleggjarar
  • næringsutviklarar
  • prosjektleiarar
  • bedriftsleiarar
  • forskarar

Program og påmelding

Programmet finn du på  på vestlandskvidsyn.no, opnar nytt vindu

Kvar deltakar bestiller overnatting sjølv på Sola Strand Hotel. Du bestiller hotellet via denne e-postadressa: kurs@sola-strandhotel.no
Ta med badetøy! Konferansedeltakarane får fri tilgang til spaavdlinga på hotellet. Les meir om  Sola Strand Hotel, opnar nytt vindu

Du kan melde deg på fram til 1. september, det er endeleg frist. Påmeldinga er i utgangspunktet bindande.  

Påmeldingsfristen har nå gått ut, det er ikke lenger mulig å melde seg på.
Vis innsendte svar »