Nasjonal konferanse om cruiseturisme

Vestlandsrådet ved fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inviterer til nasjonal konferanse om cruiseturisme til Norge i Bergen 29. oktober 2019.

Konferansen er aktuell for alle aktørar i Noreg som er involvert i cruiseturisme, samt interesseorganisasjonar, offentlege etatar, kommunar, fylke og departement.

Målet med konferansen er å auke kunnskapen omkring nokre av dei mange utfordringane knytt til cruiseturisme i Noreg. Både næringa og det offentlege har behov for å planlegge og ta best moglege avgjersler på korleis vi skal legge til rette for og møte den forventa veksten i cruisetrafikken som prognosane peikar på. Konferansens format vil veksle mellom presentasjonar, paneldiskusjonar og debatt der konferansedeltakarane deltek.

Presentasjoner fra konferansen

Program

Konferansen er ein dagskonferanse (kl 09.00-16.30) og skjer på Grand Hotel Terminus i Bergen. Deltakaravgifta er 500 kroner og inkluderer lunsj. Beløpet blir fakturert ved påmelding. Eventuell overnatting må den enkelte konferansedeltakaren ordne sjølve.

Har du spørsmål, kontakt prosjektleiar Trond Amland på  trond@reiselivsutvikling.no  eller mobil 908 55 755