Landbrukspolitisk konferanse

Landbrukspolitisk konferanse

Klimasmart landbruk – Parisavtalen ned på jorda. Innlegg, diskusjon, spørsmål, debatt og godt klima for kakling, rauting og mingling.

Teknologi har alltid vore ein av hoveddrivarane i landbruket og blir stadig viktigare. I vår smartteknologitid ser vi at teknologien gir mange fordelar, sjølv det også er utfordrande sider. Er det slik at teknologien ikkje berre medverkar til auka effektivitet og betre ressursbruk, men også kan vere med å løyse klimafloka for det matproduserande jordbruket? Regjeringa har uttalt at det må betydeleg omstilling til for å nå klimamåla i sektorar som ikkje er ein del av kvotesystemet, altså også jordbruket. Det vil bli meir klimapolitikk i landbrukspolitikken. Denne konferansen vil gi oss ny kunnskap om kva vi har i vente, både av teknologi og politikk.

Praktiske opplysningar:

Målgruppe: Folkevalde både i kommunane og i fylkeskommunen, bønder og representantar for bondeorganisasjonar, tilsette i kommunal, regional og statleg landbruksforvaltning, næringar knyta til landbruket og elles alle med interesse for landbruk og landbrukspolitikk.

Tid og stad: 20. mars 2015, kl. 09.00-16.00. Det blir servering av te, kaffi og rundstykke frå kl. 08.30. Konferansen blir arrangert på Clarion Hotel Stavanger, Ny Olavskleiv 8, 4008 Stavanger.

Påmeldingsfrist: 2. mars på www.fylkesmannen.no/rogaland i menyen kurs og konferansar, Landbruk og mat. Påmelding er bindande og konferanseavgift blir fakturert i etterkant på grunnlag av påmeldinga.

Vi tek atterhald om endringar i programmet.

Pris: Kursavgifta er sett til kr 900,-.

Parkering: St. Olav parkeringshus. Innkjøring fra Løkkeveien, Knut Holmsgate og Olav V’s gate.

Offentleg transport: Avstand til jernbanestasjonen og bussterminalen er 400m. Avstand til fiskepiren 1 km. Flybussen stansar utanfor hotellet på førespurnad.

Kontaktpersonar: 
Bente Espedal Halvorsen, telefon: 5156 8996, e-post: fmrobeh@fylkesmannen.no
Elisabeth Schmidt, telefon: 5156 8784, e-post: fmroesc@fylkesmannen.no