Ja til levande bygder

This is how to do it..

Inspirasjon og motivasjonsdag til å bli samfunnsutviklarar i ord og handlingar.

Dato og tid: ARRANGEMENT ER UTSATT TIL HØSTEN

Sted: I Fleirbrukshallen på Judaberg, Finnøya i Finnøy kommune

Påmeldingsfrist: innan 19. mai. Bruk skjema under for å melda deg på. 

Målgrupper:
Kven ynskjer me spesielt velkomne

  • Alle ordførarane og lokalpolitikarane i kommunestyra. Det er de som bestemmer om bygdene skal bløma eller ei.
  • Alle rådmenna/kvinnene og kommuneplanleggjarane vil verta inspirerte av samlinga. Kommuneplanlegginga kan sjåast på som ein strategi for å mobilisera utviklingskrafta og leggje til rette for samfunnsutvikling og verdiskaping.
  • Grendalaga. To representantar frå kvart av alle grendalaga i heile fylket.

Det handlar om lokal samfunnsutvikling. Rogaland fylkeskommune har hatt ei satsing på dette frå 2013 – 2015. Hensikten har vore å 1) auka kunnskap i kommunane og i fylkeskommunen om kva som gir lokalsamfunnsutvikling og 2) auka kunnskap i kommunane og i fylkeskommunen om gode metodar og verktøy for samfunnsutvikling.

Rogaland fylkeskommune har støtta tre prosjekt for å lære meir om korleis få til samfunnsutvikling og verdiskaping. Det er lærdomen og kunnskapane frå desse prosjekta som skal formidlast og spreiast til alle kommunane i Rogaland på samlinga 25. mai 2016. Prosjekta er Nedstrand 2020, Tysvær kommune, Lysefjorden som utviklingskraft, Forsand og Strand kommunar, og Grendalag som utviklingskraft, Finnøy kommune. 

 Lenk til programmet.

Kontaktperson