Heiplansamling 2018

Heiplansamlinga blir arrangert som ein politisk, fagleg og sosial møteplass for alle som spelar ei rolle for utviklinga og forvaltinga av Setesdalsheiane. Kunnskap og verdiskaping er tema for årets samling.

Tid: Onsdag 5. september til torsdag 6. september. Samlinga går frå lunsj til lunsj.  
Stad: Eikerapen gjestegård i Åseral kommune, Gardsvegen 30, 4544 Fossdal ( sjå kart)
Påmelding https://austagderfk.pameldingssystem.no/heiplan18. Bruk skjemaet på sida. Frist for påmelding er 15. august
Pris: Deltakarpris er 500 kroner (kurspakke) pluss hotellrom. De må sjølve bestille hotellrom. Ta kontakt med Eikerapen gjestegård på tlf. 38 28 38 50 eller e-post: post@eikerapen-gjestegaard.no

Hovudtema for samlinga er kunnskap og verdiskaping.

Målet med Heiplanen er å sikre varige og samanhengande leveområde for villreinen på tvers av 18 kommunegrenser og 5 fylkesgrenser samstundes som me legg til rette for bygde- og næringsutvikling.

 Sjå program for samlinga. 

Arrangørar: Aust Agder fylkeskommune, Vest- Agder fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Telemark fylkeskommune og Verneområdestyret for SVR.