Varsel om oppstart av planarbeid

Plan 1149 5093 Karmøy kommune. Detaljregulering av kryss mellom fv.835 Vormedalsvegen / Tuastadvegen og Snikvegen - 119/17, 60, 249 m.fl. Varsling om oppstart av planarbeid.

I medhald av plan- og bygningslova §§ 12-1, 12-8 og 12-14 varslar Statens vegvesen om igangsetting av arbeid med detaljreguleringsplan for området som går fram av overskrifta på dette brevet. 

Planområdet: 

 Sjå nettsida til Vegvesenet for meir informasjon.

I arealdelen til kommuneplanen ligg planområdet i forskjellige byggeområder (bustadområde, sentrumsområde, forretningsområde, offentlege bygg m.m. samt friområde. 

Innafor planområdet er det områder som tidlegare er regulert i desse vedtekne planane: 

 Reguleringsplan 507 Trevarden, vedteken 4.3.1975 

 Reguleringsplan 536 Mykje, vedteken 13.3.1990 

 Reguleringsplan 543 Vestre Mykje, vedteken 8.6.1993 

 Reguleringsplan 568 Vormedal sentrum, vedteken 8.2.2002 

 Reguleringsplan 584 Opprusting av Snikvegen, vedteken 14.6.2005 

Formålet med planarbeidet

Formålet med planarbeidet er å betra vegkrysset ved gjera fv.835 gjennomgåande og få lagt om Snikvegen slik at den kjem vinkerett inn på fv.835 Vormedalsvegen slik at køyrefarten i Vormedalsvegen og Snikvegen vert redusert. Det er og eit formål å gjera planområdet sikrare for mjuke trafikantar. 

I ein detaljreguleringsplanen vil naudsynt areal for vegarbeidet verta fastlagt. Ein godkjend detaljregulering er det formelle grunnlaget for å gjennomføra vegendringane og for kjøp av naudsynt grunn. 

Planen er vurdert i forhold til forskrift om konsekvensutgreiing og Karmøy kommune har konkludert med at planen ikkje skal konsekvensutgreiast. Prosjektet er eit miljø- og trafikktryggingsstiltak som ikkje ventast å få vesentlege negative verknader for miljø og samfunn. 2 

Tiltakshavar: 

Tiltakshavar er Statens vegvesen som utfører planlegginga i eiga regi i nært samarbeid med administrasjonen i Karmøy kommune. 

Informasjon og medverknad: 

Mottakarar av dette brevet er høyringsinstansar og grunneigarar som eig eigedomar kor det kan verta naudsynt med inngrep og kjøp av grunn. Høyringsparter og andre parter som får dette brevet, er lista opp i nokre vedlegg til dette brevet. Vi ber grunneigarar som tek imot dette brevet om å varsla eventuelle leigetakarar om planarbeidet slik at også dei kan koma med eventuelle merknader til planarbeidet. Statens vegvesen vil ta kontakt med nokre av grunneigarane i området, samt rektor og leiar av FAU ved Mykje skule, før planarbeidet tek til. 

Denne meldinga kan og lesast på kommunen si nettside www.Karmøy.kommune.no og nettsida til Statens vegvesen - www.vegvesen.no 

Kontaktperson: 

Nærare informasjon om planarbeidet kan ein få hos Statens vegvesen: Prosjektleiar 

Harald Abrahamsen, tlf. 51 91 14 15 / 95437725. harald.abrahamsen@vegvesen.no 

Merknader til denne meldinga: 

Merknader, opplysningar eller innspel knytt til det varsla planarbeidet kan sendast til Statens vegvesen, Askedalen 4, 6863 Leikanger, firmapost-vest@vegvesen.no 

Det er ikkje naudsynt å sende kopi av merknader til Karmøy kommune. Merknadene vil verta samla og kommenterte av Statens vegvesen. Alle mottekne dokument, merknader og liknande vil bli send til Karmøy kommune for politisk handsaming saman med planforslaget når planen er ferdig laga. 

Frist for å koma med merknader i saka er satt til 7. august 2017. 

Vidare saksgang: 

Etter at merknadsfristen for dette varselet er ute, vil sjølve planforslaget verta laga og send til Karmøy kommune for handsaming i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. Etter fyrste gongs handsaming i kommunen vil planforslaget verta lagt ut til offentleg ettersyn og send på høyring. Det vil då verta høve til å kome med merknader til planforslaget før det vert teke opp til endeleg politisk handsaming i Karmøy kommunestyre.

Del denne artikkelen på: