Statlege fiskerihamner blir overført til fylka

Statlege fiskerihamner blir overført til fylka

Her har fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal signert avtalen som overførar statlege fiskerihamner i Rogaland til Rogaland fylkeskommune. Frå venstre: Jostein Fjærestad (Vestland), Kristian Thowsen (Viken), Gro Bråten (Aust-Agder), Jan Sivert Jøsendal (Vestfold og Telemark), Terje Damman (Vest-Agder), Rune Hogsnes (Vestfold), Solveig Ege Tengesdal (Rogaland) og kystdirektør Einar Vik Arset. (Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket)

Kystverket har inngått avtaler om overføring av statlege fiskerihamner med Rogaland fylkeskommune og fire andre fylkeskommunar i Sør-Norge.

Underteikning av avtaler skjedde på fullriggaren Sørlandet under Arendalsuka.

Dei fem avtalene gjeld til saman meir enn 150 hamner i Nye Viken fylkeskommune, Nye Vestfold og Telemark fylkeskommune, Agderfylka, Rogaland og Nye Vestland fylkeskommune. Fylka overtek den statlege hamneinfrastrukturen med verknad frå 1. januar 2020.

Stortinget har vedteke at eigarskap og forvaltning av dei statlege fiskerihamnene skal overførast til regionalt forvaltningsnivå etter nærare avtale mellom Kystverket og dei enkelte fylka. Statens Hamnevesen og Kystverket har etablert fleire enn 700 fiskerihamner over ein periode på 150 år.

- Hamneportefølja til staten er eit solid fundament som fylka kan byggje vidare på i utvikling av næring og samfunn framover, seier kystdirektør Einar Vik Arset.

Det er altså dei fyrste avtalene om overføring av fiskerihamner som no er på plass. Avtaler med dei resterande fylka vert inngått i oktober og november dersom alt går etter planen.

Les meir om saka på kystverket.no

Del denne artikkelen på: