Høringsdokument om "Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020"

Høringsdokument om "Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020"

Det er no utarbeida eit felles utkast til "Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020". Vi ynskjer å få innspel og kommentar frå aktuelle bedrifter og organisasjonar i dei fire fylkeskommunane før utgreiinga vert sendt vidare til politisk handsaming i Vestlandsrådet.

 Vi ser for oss at "Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020" med anbefalingar vert handsama i Vestlandsrådet 26.05.2016.

På møte i Vestlandsrådet 5. desember 2014 blei det vedteke at dei fire Vestlandsfylka ynskte å starte arbeidet med ein felles strategi for cruiseturisme. Vestlandsrådet bad i vedtak av 5.12.2014 om at det vert utarbeidd ein kortfatta, overordna cruisestrategi for Vestlandet med utgangspunkt i dei samla utfordringar ein har. Grunnlaget for arbeidet med strategien er regjeringa sine tre hovudmål for ein eigen reiselivstrategi om ein berekraftig reiselivsnæring og dei utfordringar og moglegheiter som det vart peika på i ”Forstudie om felles cruisestrategi for dei fire Vestlandsfylka ”.

Dei fire fylkesutvala slutta seg til både vedtaket og at cruisestrategien skulle innarbeidast som ein del av ”Reiselivsstrategi for Vestlandet 2013-2020”.

Eit felles utkast til «Cruisestrategi for Vestlandsregionen 2016-2020» ble sendt ut på høring like før påske 2016 med høringsfristen 2.mai.  Du kan lese hele dokumentet her.

Vi ber om at synspunkt og innspel til dokumentet vert sendt på epost til trond@reiselivsutvikling.no innan 2. mai. Er det spørsmål til saka kan han også kontaktast på epost eller på telefon 908 55755.

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson