Opnar rassikringstunnelen i Gyadalen

Eit etterlengta prosjekt er nå ferdig. Tysdag 30. september klokka 11.00 opnar ein ny og rassikra del av fylkesveg 42 i Gyadalen. 

– Dette er eit viktig vegprosjekt for Rogaland. Vi er veldig glade for at strekninga langs Gyavatnet nå er rassikra, seier fylkesvaraordførar Terje Halleland (Frp). 
Tysdag står fylkesvaraordføraren for den offisielle opninga av prosjektet. 

Store steinmassar 

Over tre kilometer veg er bygd, der 1172 meter går i den nye Bjønnsbergtunnelen. Tunnelen går forbi det mest rasutsette området langs Gyavatnet. 

– Svært mykje fjell er sprengt ut, både for å bygge tunnel og utbetre vegen utanom tunnelen. Til saman 27. 000 lastebillass med stein er køyrt bort, fortel prosjektleiar Tor Oscar Walskaar i Statens vegvesen. 
Mykje av steinen er brukt til å fylle ut i Gyavatnet. 

– Arbeidet har vore utfordrande og krevande sikkerheitsmessig, blant anna fordi fyllinga i Gyavatnet på det meste har vore 40 meter djup, forklarer Walskaar. 

Utan skader 

Arbeidet med å rassikre vegen i Gyadalen starta i mars 2013. Framdrift og kostnad har vore heilt etter planen. Totalkostnaden på prosjektet er 218 millionar kroner. 
Rogaland fylkeskommune har ansvaret for fylkesvegene, avgjør hvilke prosjekter som skal gjennomføres hvert år og gir politiske føringer for utvikling av fylkesvegene. Det er Statens vegvesen som normalt planlegger, bygger, drifter og vedlikeholder fylkesvegene på vegne av fylkeskommunen. 

– Vi har hatt opptil 60 folk i arbeid samtidig og til saman har det blitt arbeidd 75. 000 timar på prosjektet. Då er vi svært glade for at vi ikkje har hatt nokon skader med fråver på anlegget. 
Arbeidsfellesskapet Kruse Risa ANS er entreprenørane som har bygd prosjektet. 

Opninga 

11:00 Opning av rassikringsprosjektet på fylkesveg 42 i Gyadalen. Frammøte på vestsida av Bjønnsbergtunnelen. 
12:00 Lunsj for inviterte gjester på Helleland grendahus. 

Kontaktpersonar: 
Terje Halleland, fylkesvaraordførar, tlf. 902 73 493 
Tor Oscar Walskaar, prosjektleiar Statens vegvesen, tlf. 971 40 264

Del denne artikkelen på: