Glade vinnare av kulturstipend

Anne Ihle, Janne S. Drangsholt, Frode Strømstad, Cesilie Kverneland og Joakim Kjemhus får kulturstipend i dag.

Anne Ihle, Janne S. Drangsholt, Frode Strømstad, Cesilie Kverneland og Joakim Kjemhus får kulturstipend i dag. 

Fire kvinner og tre menn fekk kulturstipend i dag. Alderen varierer frå 16 til 43 år. Geografisk er fordelinga 2 frå Sandnes, 3 frå Stavanger, 1 frå Egersund og 1 frå Strand kommune.

Idrett, to stipend på 50.000

 Huldeborg Barkved (16 år, Tau) er aktiv innan motorsportgreina trial. Ho vart kåra til årets beste nykommar under verdsmeisterskapen i 2016, og er ei av tre norske utøvarar som har kvalifisert seg til å køyre VM i 2017. Huldeborg har som mål å bli verdsmeister i 2021. Stipendet vil bli brukt i arbeidet for å nå målet gjennom målretta trening lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I 2017 skal ho delta i NM, Norges cup, Nordisk meisterskap og samtlige EM- og VM-løp.

 Joakim Kjemhus (18 år, Sandnes) er aktiv innan sykling (Sandnes sykkelklubb), og vart juniornorgesmeister i sykling i 2016. Same år vann han òg eit stor UCI ritt, og han deltok i EM og VM. I 2017 skal Kjemhus reise ein del til Belgia der han syklar for eit belgisk lag. Stipendet skal nyttast til vidare satsing mot målet om å bli proffsyklist.

Litteratur, ett stipend på 100.000
Janne S. Drangsholt (43 år, Sandnes) er litteraturforskar, forfattar og skribent med eit tematisk register som spenner over alt frå klassisk engelsk litteratur via popkultur til naturvitskap. Ho har gitt ut tre romanar, og slo gjennom med dei to om karakteren Ingrid Winter. Med desse har ho som fyrste nordmann fått forlagskontrakt med AmazonCrossing, noko som eksponerer henne for eit stort internasjonalt publikum. Ho er vidare kjend som ein entusiastisk formidlar i radio, aviser og foredrag. I stipendperioden vil ho ta permisjon frå stillinga si ved UiS og konsentrere seg om å skrive manus til tre nye bøker som tar forfattarskapen over i ein ny retning med fagbøker og fiksjon for barn.

Musikk, to stipend på 100.000
Musikkfeltet skil seg ut i år med mange sterke søkjarar. Det er òg det klart største kulturfeltet i Rogaland. Vi har difor valt å dele ut to stipend innan denne kategorien.

 Vidar Schanche (38 år, Stavanger) er ein allsidig gitarist med utdanning frå Leeds College of Music. Etter studiane etablerte han seg i Stavanger, og har sidan vore ei viktig drivkraft i byens musikkmiljø. Han spelar med Morten Abel, Kitchen Orchestra, EGG3 og Pocket Corner, har skrive bestillingsverk til Maijazz, og er for tida aktuell med prosjektet Twin Peaks in Concert for å nemne noko. Ved sidan av alt dette, spelar han òg solo. I stipendperioden vil han jobbe vidare med soloformatet og utforske nye teknikkar og tilnærmingar til improvisert musikk på gitar.

 Frode Strømstad (38 år, Egersund/Oslo) er låtskrivar, vokalist og gitarist. Sjølv om han er busett i Oslo, har han mykje av aktiviteten sin i Egersund og Dalane -enten det er med banda sine, som plateprodusent eller som konsertarrangør. I tillegg til å skape mykje aktivitet i Dalane, er han ein særs god nettverksbyggar, og samarbeidar jamnleg med store namn som Norman Blake og Steve Wynn. Siste skot på stammen er bandet The No Ones med Peter Buck og Scott McCaughey frå R.E.M. I stipendperioden vil han konsentrere seg om å skrive nye låtar til eit nytt soloprosjekt og til The No Ones.

Scenekunst
 Cesilie Kverneland (31 år, Stavanger) er dansar og koreograf med utdanning frå London, New York og Stavanger. Parallelt med studia har ho vore aktiv som dansar og koreograf i produksjonar både nasjonalt og internasjonalt. Våren 2016 flytta ho til Stavanger, og ynskjer å jobbe mest mulig med dans i heimfylket. Ved sidan av den utøvande karrieren er ho med og utviklar nye talent som lærar og instruktør. Dans er eit satsingsområde for Rogaland fylkeskommune, og med ein kombinasjonen av solid fagleg kompetanse, pågangsmot og lokalt engasjement bidreg Cesilie Kverneland til å løfte dansefeltet i fylket. I stipendperioden vil ho ta fri frå anna arbeid for å utvikle eigen kunstnarskap og karriere, mellom anna ved å delta på festivalar og workshops i Kristiansand, London og Berlin.

Visuell kunst
 Anna Ihle (32 år, Stavanger) er biletkunstnar med utdanning frå Konstfack i Stockholm og Kunstskulen i Stavanger. Våren 2016 kom ho tilbake til heimbyen, og har tatt ein aktiv rolle som utøvande kunstner, kurator, styremedlem i visningsrommet Studio 17 og rettleiar ved Kunstskulen. Kunstnarskapen hennar kretsar mykje rundt temaet arbeid, og ho tar mellom anna for seg nedgangen i oljenæringa i vår region. Dette gjere henne særs relevant. Situasjonen har fått mykje merksemd i media, men det er interessant å få eit kunstnarleg blikk på han òg. I stipendperioden vil ho arbeide med tre store prosjekt med avtalte visningar både lokalt og nasjonalt.

20170616-_MG_0718

Øverst fra venstre: Espen Birkedal (møtte for Anna Ihle), Janne S. Drengsholt, Vidar Schanche, Johan Aakre (møtte for Frode Strømstad) og Solveig Ege Tengesdal. Første rad: Huldeborg Barkved, Joakim Kjemhus og Cesilie Kverneland. 
 Flere bilder på Facebook. 

Del denne artikkelen på:
Kontaktperson