Bygginga av 38 nye bomstasjonar på Nord-Jæren er starta

Bygginga av 38 nye bomstasjonar er starta

Illustrasjon av korleis dei nye bomstasjonane med ei mast kjem til å sjå ut. Dette dømet er frå Roald Amundsensgate i Sandnes.

Bygginga av dei første av 38 nye bomstasjonar på Nord-Jæren er starta. Dei første bomstasjonane som blir bygde er tre bomstasjonar som alle er nær Forus, i Sola kommune: Moseidsletta, Røynebergveien og Åsenveien.

Det er Statens vegvesen som har ansvar for bygginga på vegne av Bypakke Nord-Jæren. 

- Bomstasjonane ser ikkje ut som dagens bomstasjonar, dei får ei mast i staden for tre, slik mange har i dag, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Solveig Espedal Walskaar.  

Jobbar for å blir fort ferdige

 Bomstasjonane skal byggast i løpet av det neste året. Statens vegvesen gjer fleire tiltak for at det skal skje så raskt og smidig som mogleg.

- Vi kan ha behov for å arbeide nokre netter, for å bli raskare ferdige og for å unngå for mykje trafikkproblem i området på dagtid. Då varslar vi i såfall naboar på førehand, opplyser Solveig Espedal Walskaar.

 Entreprenøren som skal bygge bomstasjonane er Nordbø Maskin AS. I tillegg til Nordbø Maskin skal firmaet Kapsch levere sjølve bomstasjonsutstyret. Dei kjem til å arbeide på bomstasjonen etter at gravearbeidet til Nordbø er ferdig.

Del av Bypakke Nord-Jæren

Til saman 38 nye bomstasjonar skal byggast i Stavanger, Sola, Sandnes og Randaberg. Bomstasjonane kjem fordi Bypakke Nord-Jæren er vedtatt som ny bompengepakke på Nord-Jæren.

Bomstasjonane blir sette opp som tette ringar rundt viktige reisemål: Stavanger sentrum, Forus, Sandnes sentrum, Risavika og Sola flyplass. I tillegg kjem bomstasjonar på grensa mellom Stavanger og Randaberg. Bomstasjonane kjem der det er, eller blir bygd ut, gode alternativ til bilen.

Sjølv om bygginga av nye bomstasjonar startar nå, skal ingen betale bompengar i dei nye stasjonane før hausten 2018. Når dette skjer blir dagens bomstasjonar fjerna.

 Meir informasjon om Bypakke Nord-Jæren finn du på  www.bypakken.no. Her kan du zoome deg inn på kart for nøyaktig plassering av bomstasjonane i kvar bomring.

Del denne artikkelen på: